ExcelAQUA er eit samarbeidsprosjekt mellom norske og japanske partnarar innan berekraftig havbruk og integrativ fiskebiologi. Ei sentral målsetjing for prosjektet er å etablere eit langvarig samarbeid med japanske forskingsmiljø som arbeider innan fagfelt som er relevant for norsk havbruk.
Prosjektet søkjer å leggje til rette for mobilitet for studentar og forskarar gjennom gjensidig besøk og utveksling. Til dømes har 1 seniorforskar, 1 post-doc, 2 masterstudentar og 3 bachelorstudentar frå Japan gjennomført forskingsopphald i Bergen. Vidare har 2 japanske studentar saman med 2 studentar frå UiB vore i praksis hos Lingalaks i Hardanger.
Prosjektet har etablert eit felles årleg kurs for både norske og japanske studentar. Dette kurset har blitt gjennomført kvart år i prosjektperioden, og finn stad vekselvis i Noreg/Japan. I 2019 vart kurset “Sustainable Aquaculture Summer School” gjennomført i Bergen, og 6 norske og 6 japanske studentar deltok, saman med 8 instruktørar.
Kva fekk prosjektet støtte til?
- sommarkurs
- praktikantordning
- utveksling av studentar og forskarar
- felles rettleiing, undervisning og forsking
Framgangsmåte
Prosjektet ExcelAQUA er ei vidareføring av mange års uformelt samarbeid mellom prosjektansvarleg og ulike personar og institutt i Japan. Dette samarbeidet gjekk i hovudsak ut på å gi felles rettleiing til studentar på både master- og phd-nivå, forskingsutveksling og gjennomføring av gjesteførelesningar. Dette var adhoc-finansiert, men det var eit ønskje frå begge hald om å vidareføre samarbeidet. Difor vart det søkt om prosjektstøtte for å gå i gong med eit meir omfattande og langvarig samarbeidsprosjekt. Prosjektstøtte vart innvilga, og samarbeidet gjekk frå å vere adhoc-finansiert til å bli eit institusjonalisert samarbeid som har resultert i etableringen av solide og langsiktige samarbeidsplattformar.
Resultat
Kunnskap tileigna gjennom pågåande forskingssamarbeid i prosjektet har medverka til auka kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor havbruk. Dette gjeld særleg områda vekst, helse og fiskevelferd i moderne produksjonssystem for laksefisk.
ExcelAQUA har saman med BioCEED etablert og gjennomført forsking på undervisningsmetodane som vert brukt i prosjektet. Det er i tillegg utarbeidd kurs for undervisarane for å sikre aktive læringsmetodar. Som ein del av kompetanse- og kvalitetsløft i undervisningsdelen ved prosjektet, har ein vitskapleg tilsett gjennomført basismodul og to påbyggingsmodular ved program for universitetspedagogikk ved UiB.
I samband med sommarskulen vart det og gjennomført eit seminar for lærarar som omhandla aktive læringsmetodar. Dette vart gjennomført i samarbeid med bioCEED. Vidare har forskarar i ExcelAQUA og bioCEED undersøkt undervisningsmetodane i sommarskulen. Resultata er opparbeidd til ein publikasjon som er sendt inn til fagfellevurdering i eit pedagogisk tidsskrift.
Resultata frå dei biologiske forsøka utført på sommarskulen var vurdert til å vere av svært høg kvalitet. Forsøka vart opparbeidd til ein vitskapleg artikkel med alle involverte studentar som medforfattarar.
Råd og tips
Ivar Rønnestad (prosjektansvarleg) har sterk tru på å utvikle samarbeidsprosjekt nedanfrå-opp. Han peiker særleg på nytten av å byggje prosjekt ut i frå dei nettverka ein allereie har. På denne måten kan ein ta utgangspunkt i reelle samarbeidskonstellasjonar som kan institusjonaliserast til solide og langvarige samarbeidsordningar.
kilde:https://diku.no/programmer/intpart/excelaqua-eit-partnarskap-mellom-noreg-og-japan-innan-framifraa-utdanning-og-forsking-i-akvakultur