Samfunnsøkonomisk analyse har analysert næringsklyngene på oppdrag frå Vestlandsrådet og Hordaland fylkeskommune. Dei har mellom anna sett på kor mange arbeidsplassar og kva verdiskaping desse næringane skaper på Vestlandet, og korleis dette er samanlikna med resten av landet.
Det blir presentasjonar frå:
Vegard Salte Flatval, seniorøkonom hos Samfunnsøkonomisk analyse
Tanja Hoel, direktør i NCE Seafood
Ingrid Heradstveit Guddal, klyngerådgjevar i Innovasjon Norge Hordaland
Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune
Arrangementet er opent for alle som er interessert i temaet, men vi ber om at de meldar dykk på slik at vi veit kor mange som kjem. Det blir lett servering etter arrangementet.
Påmelding og informasjon:
http://kurs.hfk.no/Kurs-og-konferansar/2017/Formiddagsmote-om-naringsklyngene-pa-Vestlandet/.